Vårpuss av veterankjøretøyet

Publisert av Narve Nordanger den 30.04.26.

Sjølv om bensinslangen er 65 år gammal og ser slik ut, må det ikkje bety at han lek. Men, denne bør nok bytast

Det er vår og sesong for årets fyrste oppstart av veterankøyretøyet, som har stått stua vekk heile vinteren og i beste fall fått litt lading av batteriet og sjekk etter spor av mus (det var visst museår i 2025). Her er ei kort liste over ting ein kan sjekke i samanheng med årets fyrste oppstart, inkludert nokre eigne (dårlege) erfaringar: Det kan vere lurt å starte med ein utvendig kontroll. Dersom det er luft i alle hjul, og det ikkje er store dammar av olje eller bremsevæske under bilen, kan det vere heilt greitt å ta årets fyrste oppstart. Å starte ein motor etter månaders stillstand har dessverre ikkje blitt lettare dei siste åra. Er bilen parkert med E10 bensin (95 oktan) i systemet, kan det vere at drivstoffet har fått drastisk redusert oktantal i løpet av vinteren og bilen er svært tungstarta. I verste fall har konsistensen endra seg til pulver eller gele og demontering av bensinsystemet er nødvendig. Går køyretøyet på 98 oktan står køyrer startmotor i lange strekk for å fylle opp flottørkammeret igjen. Dei med uheldige erfaringar frå tidlegare har kanskje montert elektrisk bensinpumpe som gjer det kurant å fylle opp før ein brukar startmotoren, eller det er montert ei bensinpære av typen liten påhengsmotor på bensinslangen for å fylle opp med fem handpump. Har du ingen måte å fylle opp med utan å køyre mekanisk pumpe kan det hjelpe mykje med startgass, eller litt betre, i kombinasjon med du som regel sterkare, men også 98 oktan inneheld såpass mykje flyktige ingrediensar at det kan bli fullstendig tomt i ein forgassar etter få veker. Mangt eitt batteri har blitt tømt av eigaren som fersk bensin i ei ketchup-flaske. Vil ikkje bilen starte sjølv om det er rikeleg med bensin er det tid for feilsøking på tenningsanlegget. Ved feilsøking er det smart å fylgje straum og sjekke for gnist fyrst gjennom lågspent-kretsen og deretter i høgspent-delen. Litt halvgrovt sandpapir og eit billeg multimeter kan vere til god hjelp. Har du reserve-komponentar for å teste om noko har svikta i løpet av vinteren, er det nokså smart å byte berre ein ting om gongen, slik at du veit kva som var defekt når bilen plutseleg tenner. Apropos ting som sviktar, har den store syndebukken dei siste åra blitt kondensatoren.

Straumen går minste motstands veg. Er det dårleg

kontakt på pluggen kan høgspenten like godt hoppe

til bensinpumpa om den er nærme nok

Ettermarknaden er fullstendig dominert av kinesisk-produserte reservedelar der einaste kriteria for produktet er lågast mogeleg pris. I 2025 svikta ein gammal og to nye kondensatorar på min 1929 Chrysler, og det enda med at eg brukte ein ubrukt kondensator frå 60-tals Opel som fungerte utmerka. Toleransen på kapasitans er visst ganske god i gamle tenningssystem og kvalitet er viktigare enn at det er akkurat rett sort kondensator. Ein annan gjengangar er hovudstraumsbrytarar som har dårleg kontakt i seg og kuttar når startmotoren slår inn, særleg gjeld dette billeg-brytarar med nokre år i fuktig miljø. Når bilen har starta er det tid for å bruke sansane for å kontrollere. Luktar det bensin, kan det vere lurt å stanse igjen. Eg har vore borti ein 70-tals Mercedes 450 der fleire tynne bensinslangar under luftfilteret hadde sprukke i løpet av vinteren og det lukta ille sjølv om det ikkje var nokon synleg lekkasje. Sjekk bensinslangar for sprekker, generelt var det ein periode for 5 til 15 år sidan der mange bensinslangar var av dårleg kvalitet. Er du i tvil byt ut med slangar som tåler moderne etanol-bensin. Pass deg og for bensinklemmer som er stramma for mykje og har kutta seg inn i slangen. Bensinlekkasje kan medføre brann, og brann er den store skrekken for eit veterankøyretøy. Statistisk er det faktisk endå viktigare å passe på elektriske feil som av-isolering, eller jordefeil og gjer at høgspent-gnisten hoppar frå leidningen til gods før han kjem til pluggen. Gnistar kombinert med tilgang på bensin frå lekkasjar gjer at du har svært lite tid på deg til å stoppe ein brann, før denne utviklar seg til meir enn kva eit enkelt brannapparat kan klare. Uansett er sesongen øydelagt. Her kan det vere ein god ide å tenke på at ei ettermontert elektrisk pumpe ikkje skal halde fram med å pumpe bensin om motoren stoppar. Det blir fort stygt dersom brannen smeltar bensinslangen og pumpa held fram med å pumpe brennbart materiale sjølv om motoren har stoppa. Vidare kontroll når bilen går, bør inkludere kontroll av så mangevæskenivå som du kan greie å få til: Sjekk nivået på motorolje, girolje, bakaksel/kardang, styresnekke eller servo, bremsevæske og kjølesystemet. Er du systematisk, fører du opp når du sist skifta oljer, filter og bremsevæske og kan vurdere om det er på tide med eit nytt skifte. Trakk og ordentleg hardt til på bremsene, det er betre at ein lekkasje oppstår og blir oppdaga no enn undervegs til årets store treff. Etter å ha køyrt ein kort distanse kan det vere lurt å kjenne på felgane om temperaturen er jamn og fin, eller om det er ein caliper som heng og utviklar mykje varme. Er det musedrit i bilen kan det bety at vinterens gjestar har smaka på leidningsnettet eller seter og du bør sjekke begge. Luktar bilen av mugg eller etterlatenskap av mus kan det hjelpe med lufting og vask av matter. Dersom ikkje det hjelper er ei skål med eddik eit gammalt råd, eller ein kan ozon-behandle interiøret.

Kryssar du det amerikanske kontinentet med gammalbil på billege dekk, kan det vere lurt å ha

jekk og luft reservehjulet. Her er det stor delmaninering av Cadillac-hjul midt på natta i Idaho

Lufttrykk i dekka endrar seg svært ofte gjennom ein vinter. Kontroller det kvar vår og gjer samstundes ein visuell sjekk av dekka. Dårleg mønster eller djupe sprekker er ikkje bra, og bør resultere i oppgradering. Gamle dekk kan kanskje vere greitt nok å køyre på, særleg om dei har stått mykje mørkt og ikkje har sprekker. Men, skal du på langtur eller køyre fort på motorveg medfører det ganske høge temperaturar i hjula som igjen kan ta knekken på elles fine (men gamle) dekk. Eg fekk delaminering og fryktelege kast i tre av dekka når eg køyrde på ferietur i Sverige med ein 1966 Mercedes på 20 år gamle (men som nye) Michelin dekk. Det viste seg deretter at 14-tommars dekk var blitt veldig ukurant hos vanlege dekk-sjapper i 2005 og vi avslutta turen med å køyre E6 til Strömstad i 40 km/t. I fjor registrerte eg fleire sett med tilsynelatande gode dekk utan visuelle feil som hadde fått så mykje kast at det var ubehageleg å køyre fortare enn 70 km/t med dei. Vibrasjonar som ikkje var der i fjor, kan godt vere frå dekka. Særleg etter du har køyrt dekka varm ein gong og fått vekk kantar frå mange månader i ro. Kva meir kan ein kan gjere framfor sesongen? For eksempel smøre opp understellet med grease for å få mindre slark og slitasje, deretter sjekke at alle lysa fungerer inkludert bremselysa og sjekke at lysbiletet er fornuftig gjennom å lyse på ein vegg ca 10 meter unna. Kontroller og at du har fungerande jekk og hjulnøkkel, reservehjul med lufttrykk, pluss varseltrekant, refleksvest og brannapparat, og at viskarane fungerer med gummi som heng saman. Eit tips på det siste er at RainX eller tilsvarande middel på frontruta, har betre effekt mot dårleg sikt enn nesten alt av viskarar frå før 1965 i alle fall.

Tekst og foto: Narve Nordanger - Grenland Veteranvognklubb